Skriva eit dikt

(Haldis Reigstad, frå diktsamlinga I Guds tanke)

Skriva eit dikt
når vårsola skin.
Skriva eit dikt
om ver og om vind.
Treng både tankar
og inspirasjon
så diktet kan finna
sin endestasjon.

Skriva eit dikt
når dagen er grå.
Skriva eit dikt
når himlen er blå.
Sola og regnet
gir inspirasjon
til det som er diktet
sin endestasjon.

Skriva eit dikt
er god terapi.
Skriva eit dikt
gjer tanken min fri.
Livet vi lever
gir inspirasjon
og hjarta er diktet
sin endestasjon.

<––– Tilbake
til oversikten

Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com. All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.