Om forfattaren

Haldis Reigstad er hjelpepleiaren som vart forfattar i vaksen alder, og som i dag vert rekna mellom dei mestseljande lyrikarane i Noreg. Sidan 1987 har ho gitt ut 19 diktsamlingar i eit samla opplag på nærmare 90.000 bøker. Mange av dikta hennar er blitt tonesett, og utgjevne både i songbøker og på fonogram. Fleire av dei er også omsette til dansk og svensk. Den mangfaldige og vakre naturen, kristen tru og menneskelege erfaringar som motgang, håp og trøyst er blant dei viktigaste inspirasjonskjeldene for diktaråra hennar, og hennar likeframme og tillitsfulle stil har funne gjenklang i hjarta til svært mange lesarar.

Haldis Reigstad vart fødd i 1939 og voks opp på den vesle tettstaden Tysse i Samnanger. Totland var jentenamnet hennar, og ho hadde tre sysken, - to brør og søstera Sigbjørg, som var fødd med Downs syndrom. Ho fortel sjølv i boka Den endelauue gata om ein lukkeleg barndom. Faren, Alfred, var både urmakar og drosjesjåfør, og Haldis hadde mange gode stunder i tom bil når faren song salmar og viser for henne. Mora, Sigrid, var det faste punkt i heimen, - det følgde fred og tryggleik med henne både heime og ute.

Seksten år gammal møtte Haldis han som ho seinare skulle dela livet saman med. Det var på Framnes Ungdomsskule i Hardanger. Og berre 20 år gamle gifta ho og Asle seg. Han gjekk då på lærarskule i Bergen, og ho hadde arbeid i strømpefabrikken SAFA på Tysse. Etter kvart kom fire born til verda, - tre gutar og til sist ei jente. I heile oppveksten til borna var Haldis heimeverande husmor. Først i 1983, 44 år gammal, tok ho hjelpepleieutdanning og fekk arbeid utanfor heimen igjen. Etter at familien hadde budd 25 år på Tysse, gjekk vegen til Bildøy Bibelskole vest for Bergen, der Asle var musikklærar ei tid. Det var her Haldis i 1987 debuterte som forfattar med diktsamlinga Under ein open Himmel. I 1996 flytta Haldis og Asle til Frekhaug i Meland kommune, der dei framleis bur.

Haldis likte alt som barn å "rima" og skriva små vers som vart gøymde i "skuffen". Men det var først på 70-talet at diktaråra verkeleg tok til å flyta. Concordiakursa – song- og musikk-kurs i kristen regi – som begge deltok på med stor glede mest kvar sommar, var med på å inspirere og gje mot til å presentere noko av det som etter kvart vart skapt i skrivestova.

Seinare er Haldis blitt ein erfaren og verdsatt lyrikar og forfattar av 19 diktsamlingar. Fleire av dei tonesette dikta hennar, slike som Tett ved sida mi går Jesus, Åkrane kvitnar mot hausten og barnesongen Ikke en, ikke to, ikke tre er nærmast som klassikarar å rekna innan den kristne, moderne toneskatten, og er komne med i ulike song- og salmebøker. I nye Norsk Salmebok 2013 er ho også representert med fire salmar.

Produsenten og komponisten, Trond Andersen, karakteriserte Haldis ved eit høve som "vårt århundres Lina Sandell". Han meinte dei begge hadde same evne til å leggja orda i folkemunn slik at dei kunne kjenna seg att i dei og kjenna det som sitt eige. Og trøysta og tryggleiken og gleda i Kristus er ein gjennomgangstone i begge si diktning.

Haldis er ein omsorgsperson. Dette karaktertrekket kjem også tydeleg fram i diktinga hennar gjennom dikt som omhandlar medmenneskelege relasjonar, men ikkje minst gjennom hennar inderlege formidling av Guds omsorg for menneske og skaparverket i det heile.

Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com. All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.