Livsveven stilnar

(Haldis Reigstad, frå diktsamlinga Livsveven)

Livsveven stilnar.
Når teppet er ferdig
møter vi Jesus, vår brudgom og ven.
Tenk når vi står der, heime i himlen,
då skal vi aldri skiljast igjen.

Livsveven stilnar.
Med augo som strålar
syng vi vår lovsong til Frelsarens pris.
Jublande glade, frelst i frå døden,
møtest vi heime i Guds paradis.

Livsveven stilnar.
Med lyttande sansar
høyrer vi borna som leikar og ler.
Å for ein dag det skal bli når vi møter
dei som alt heime i himmelen er.

Livsveven stilnar.
I festpynta salar
ber vi den snøkvite drakta av lin.
Herlege dag når den dyrkjøpte brura
møtest der heime med brudgommen sin.

<––– Tilbake
til oversikten

Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com. All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.