Høyr fuglen kvitrar sorglaus og glad,
å var eg så tillitsfull eg.
Men visst eg veit, trass mørke og tvil;
Guds armar dei held kringom meg.
Eg er som blomen, snart er eg gløymd,
eg lever frå morgon til kveld.
Men Gud som skapte himmel og jord,
han blomen i handa si held.
Eit lite stormkast knekkja meg kan,
eg er som eit skjelvande siv.
Men han som tende lyset på jord,
han gav meg det evige liv.
La hausten koma, vinteren med,
eg lever om blomen fell av.
Ein dag skal livet falda seg ut,
det livet som Herren meg gav.
Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com.
All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.