Saknar deg sårt

(Haldis Reigstad, frå diktsamlinga I Guds tanke)

står ved grinda
ventar
lyttar etter steg i mørket
dogga dryp
eit hudlaust hjarta
væter graset med tårer
elva voggar mot havet
eit einsleg ospetre
legg skjelvande blad
over trøytte tankar
medan ein nattergal syng
langt der borte
månen seglar gjennom skyene
og viser vegen
vegen eg lyt gå åleine
- saknar deg sårt
står det på gravsteinen din

<––– Tilbake
til oversikten

Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com. All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.