Ein bit av himlen

(Haldis Reigstad, frå diktsamlinga Solstreif)

Eg såg ein bit av himlen i eit fredfullt barneblikk,
lik sola sende augo dine
varme gjennom meg.
Du bada deg i lyset frå ei rein og sorglaus glede,
ei lita syster som var glad i livet, hadde eg.

Eit nyfødd lite under eg som fireåring såg,
og aldri vart eg mett av deg,
du var så mjuk og god.
Eg skjøna etter kvart at du var annleis enn dei andre.
Men kva det var som "feilte" deg, eg aldri heilt forstod.

For meg var du umisteleg, du var jo syster mi,
vi krangla og vi leika
slik som andre sysken gjer.
Men det var du som lærte meg, på vegen gjennom livet,
at det er lett å skada den som svak og liten er.

Eg såg ein bit av himlen i eit fredfullt barneblikk,
du rekna ikkje menneske
i store eller små.
Du hindra ikkje kjærleiken, men gav han frie hender,
du tok i mot det største som eit menneske kan få.

<––– Tilbake
til oversikten

Copyright © 2014 Haldis Reigstad. All rights reserved.
Webmaster: hildegunnreigstad@me.com. All photos taken by and copyrighted by Hildegunn Garnes Reigstad if not otherwise specified.
This site is best viewed in a screen resolution of 1280 x 800 or higher.
Images are an important part of the design and navigation system and should not be blocked.